Tatt av Heimdal: Kom inn Heimdall

Tatt av Heimdal: Kom inn Heimdall

Kjetil Berge

Heimdal Kunstforening

Opning 25.02.2017 kl. 13.00

Som ein del av satsinga Tatt av Heimdal inviterer Heimdal Kunstforening og kunstnaren Kjetil Berge til opning av prosjektet Kom inn Heimdall.

Kom inn Heimdall tar utgangspunkt i uklare funderingar om korleis ein skal redde verda, kven arbeider og trur på det, og kva slags plass kunsten har i denne problemstillinga. Ei interesse for tru, idealisme, engasjement og samanhengen mellom dette og identitet; for kva som er samlande, er Kom inn Heimdall si underliggjande fundering. Lokalt kan kanskje Heimdall, regnbogevakta hjelpa.

I forkant av opninga har Berge invitert ulike menneske, agnostikarar så vel som truande, til å delta i spirituelle seansar eller rundebords-samlingar for å få kontakt med guden Heimdall; ”den klartljosande”, vaktaren av Bifrost, gudane si bru. Ein seanse er ei førestelling eller ein seremoni i slutta selskap; omgrepet kjem av det franske ordet for sete eller sitje. Eit eksperiment for å få kontakt med det opphavlege Heimdal; via Heimdall i det hinsidige.

Om guden Heimdall seiast det at han er stor og heilag. Han treng mindre søvn enn ein fugl, og kan sjå 100 mil både natt og dag, og har så god hørsel at han kan høyre graset gro på engene og ullen vokse på sauane. Det var desse eigenskapane som gjorde at Gudane valte han til å vakte Bifrost.

Når Heimdall blåser i hornet Gjallarhorn, høyres det i alle verdshjørna. Hornet kan høyrast i både menneska sin verden og gudane sin verden, og til og med i underverda, og nyttast til å vekke gudane dersom det er fare på ferde. Eit signal frå dette hornet skal markere starten på Ragnarok, verdas undergang.

GOPR5810.JPG

Tatt av Heimdal er et samarbeid mellom kurator Helga-Marie Nordby og Heimdal Kunstforening. Gjennom ulike sosiale og utforskande prosjekter ynskjer kunstforeininga å skape engasjerande møter mellom kunst, stad og menneskjer. Eit av måla med prosjektet er utvikle foreining og staden gjennom deltaking og aktiv engasjement i våre egne omgivnadar. Tatt av Heimdal har mange lag og skje i fleire omgangar fram til sumaren 2017.

Tatt av Heimdal er støtta av Torstein Erbos Gavefond, Norske Kunstforeninger, Norsk Kulturråd, Fritt Ord, Sør-Trøndelag Fylkeskommune og Trondheim Kommune.