På grunn av gjeldene koronaregler vil vi dessverre ikke kunne arrangere åpning med besøkende som normalt. Åpningen vil foregå digitalt med performance lørdag den 16. januar kl. 19. Lenke til eventet vil publiseres på Facebook, Instagram og på vår hjemmeside.
Koppen & Jorkjen er ein kunstnar-duo beståande av Finn Adrian Jorkjen og Henrik Koppen. Dei presenterer rituelle performancar, installasjonar og høyrespel som vert ein del av deira eigen, ekspanderande mytologi der element av religion, heidenske tradisjonar og populærkultur blandast. I arbeida sine undersøker dei grunnleggande spørsmål rundt skapelse, kultur, død, og fruktbarheit frå eit queer-perspektiv.
Koppen & Jorkjen har vist prosjekta sine på stader som Galleri KiT i Trondheim, Galleri Kladden i Oslo og på arrangement som PAB Open, Feminine Tripper Festivalen, Akademirommet ved Kunstnernes Hus og ++ på Black Box-teateret i Oslo. Dei har også produsert høyrespel som er tilgjengeleg som podcast på stader som iTunes og Spotify.
Soft Awakening vert gjennomført i Heimdal Kunstforening med støtte frå Trondheim kommune, Norsk Kulturråd og Norske kunstforeninger.
Det er alt lenge sidan mogne frukter slapp dei perleforma frøa sine. Ein dag skal vi igjen riste vinteren av oss, vere som spirar, strekke dei ørsmå armane mot sola. Vi skal atter vakne opp saman, springe ut døra, vifte med fargerike pinnar i ein endelaus parade, kjenne ein mild bris mot anletet.
I mellomtida vaskar vi hendene om att og om att, bakar brød som dei som har gått før oss, knar deigen i einsemd i grålysinga. Er far din bakar?
Dagen er to minutt lenger enn gårsdagen. Ein får inntrykk av evig stillstand, men verda rører seg under oss. Du kjenner antydinga av ljos langs horisonten.
Foto av: Josh Lake