Month: november 2015
Medlemsutstilling og kurvfest!
Me ynskjer alle våre medlemmer velkomen til opning av medlemsutstilling og kurvfest torsdag 10. desember. kl. 1900
Me oppfordrar alle som er medlem av kunstforeninga til å bidra til utstillinga.
Innlevering av arbeider føregår i opningstida kl. 12.00-16.00 lørdag og sundag 05.-06. desember. Kvart medlem kan bidra med eitt, to eller tre arbeider. Utstillinga blir ståande til jul, og arbeida kan hentast når kunstforeninga opnar etter ferien.
Me håpar òg nokon har lyst å hjelpe oss med å henge opp utstillinga. Dette er ein strålande moglegheit til å prøve seg på utstillingsmontering!
Frå medlemsutstillinga 2014
Etter opninga av utstillinga avsluttar me med ein hyggeleg kurvfest, og me håpar så mange som mogleg har lyst å vere med å lage fest i lag med oss!
Ta med noko godt som me kan sette på eitt langbor. Salat, kjøtt, fisk, kake, frukt, ost, pålegg, snacks eller kva anna de kunne ha lyst å ta med. Alle små og store bidrag blir satt pris på! Drikke til maten medbringes.
Utstillinga kan sjåast til 20.10.15 – Hjarteleg velkomen!